Kongens gull til Eikrem

 HEDERSMANN: Misjonsmannen Kåre Eikrem er no dekorert med Hans Majestet Kongens fortenstmedalje i gull.(FOTO: SAMBÅNDET/ARKIV)   Ved ei tilstelling i Molde bedehus lørdag 31.januar blei Kåre Eikrem tildelt Hans Majestet Kongen sin fortenestemedalje i gull. Fylkesmannen i Møre og Romsdal fylke stod for utdelinga. Eikrem sin familie og mange venner var til stades saman med representantar […]

  
HEDERSMANN: Misjonsmannen Kåre Eikrem er no dekorert med Hans Majestet Kongens fortenstmedalje i gull.
(FOTO: SAMBÅNDET/ARKIV)

 

Ved ei tilstelling i Molde bedehus lørdag 31.januar blei Kåre Eikrem tildelt Hans Majestet Kongen sin fortenestemedalje i gull. Fylkesmannen i Møre og Romsdal fylke stod for utdelinga. Eikrem sin familie og mange venner var til stades saman med representantar for Indremisjonen og andre samanhengar der Eikrem har hatt stillingar og verv. Indremisjonsforbundet var representert med tidlegare generalsekretær Ole Abel Sveen, og  generalsekretær Karl Johan Hallaråker.

Lang misjons-cv
Mange hadde også ordet under samkoma, og gav uttrykk for gratulasjon og takk for Eikrem sin innsats i dei respektive samanhengane.
Kåre Eikrem har hatt fleire sentrale stillingar i indremisjonsfamilien, i Molde Indremisjon, Romsdal Indremisjon, Nordmøre og Romsdal Indremisjon, og som administrasjonsleiar i Indremisjonsforbundet sentralt, og som nestformann i hovudstyret.
I grunngjevinga for tildelinga er det lagt vekt på Kåre Eikrem si omfattande teneste i misjon og samfunn både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. På mange måtar har hans totale arbeidsomfang, innsats og engasjement vore meir prega av ei total livsform enn normal arbeidsinnsats.

Glad for tildelinga
Generalsekretær Hallaråker seier at det var med stor gleda han mottok meldinga frå Slottet om H M Kongen si tildeling til Kåre Eikrem.
– Eg har vore glad for alle søknadane eg har skreve og tildelingane som har komme. Eg var ikkje mindre glad denne gongen. Kåre Eikrem har gjort ei fabelaktig misjons- og samfunnsteneste. Sjølv har eg først og fremst møtt han som misjonsmann med sterk integritet, broderleg samfunn og dyktig kompetanse på mange felt. All støtte han har gitt meg, var jo ekstra inspirasjon til søknaden, seier Hallaråker og legg til:

– Vi kan trygt seia at dette er ein glad og ærefull dag for heile misjonen. Eg gratulerer Kåre Eikrem og hans kjære Hanna som trufast har stått med han, med den høge utmerkinga frå H M Kongen.

Søknaden om medalje til Kåre Eikrem vart skrive av Hallaråker saman med krinsleiaren i Nordmøre og Romsdal Indremisjon, Arild Ove Halås og tidlegare ordførar i Molde, Rolf Myhre, samt tidlegare fylkesordførar og stortingsrepresentant Kjell Furnes.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.